Site Maker

VOSS BRYGGERI

Som alle gode historier har vår ei byrjing. Den starta med venskap, høge svev, hardt arbeid, utfordringar, suksess, frustrasjon, forventingar, urealistiske draumar og ein gammal landhandel i vene omgivnader på Kyte. Men mest av alt starta historia vår med kjærleik, kjærleik til Voss og kjærleik til godt øl. 

Voss Bryggeri vart starta av Jon, Dag og Jeanette i 2012.

Fordi vi elskar øl og vi elskar Voss!

Vi var tre lidenskapelege heimebryggarar som møttest gjennom fallskjermhopping og hanggliding på Voss. Dette møtet resulterte i byrjinga av Voss Bryggeri, det fyrste mikrobryggeriet etablert i Hordaland.


Heilt sidan byrjinga har vi hatt fokus på å brygga øl av høg kvalitet. Det har vi klart gjennom nøye utvelgelse av råvarer, investeringar i det beste bryggerihuset frå USA og gjennom å tilsetja bryggjarar med utdanning og røynsle innan brygging. I dag produserer vi ca.

100 000 liter øl i året fordelt på rundt 20 ulike sortar. Nokon er faste nokre er sesong baserte og nokon er brygga i samarbeid med andre bryggeri eller gode kundar i utelivsbransjen. Dei første åra vi var i produksjon vart alt øl vi klarte å produsera distribuert på fat til barar og restauranter i Bergen, Oslo, Stavanger og på Voss. 

Frå hausten 2016 har vi starta produksjon av øl på boks. Vi har investert i ei moderne bokslinje frå Canada. Valet fall på boks fordi vi meiner at det er det bestet for ølet, bryggeriet og miljøet. Boksane vert hovudsakleg distribuert til Vinmonopolet. Det gjer at øl frå Voss bryggeri endeleg er tilgjengeleg i heile landet.


Ølet vi bryggar er inspirert av moderne amerikansk og europeisk handverksøl og av gamle heimebryggtradisjoner frå Voss. Resultatet vert friske humlerike øl med innslag av lokal gjær (kveik) og einer og øl kokt i koparkjele med urter, bær og blomar frå fjella som omgjev oss. Ønsket vårt for framtida er at Voss skal vera kjent som øldestinasjon og ølparadis.


Det er vår misjon og vår drivkraft.